Våren av Vinje, full av glede over heggen som blømar, isen som smeltar og snøen som brånar. For nordlendingen har det tatt si tid å kome opp i tosifra temperaturar, og den som ikkje fører nøye almanakk trur som regel at akkurat denne våren var kaldare og seinare enn nokon gong. Lengselen er i alle fall sterkare….

Men så er det endeleg vår og sommar, og nordlendingen er euforisk over lysegrønt lauv, blanke netter og fersk småsei. For ein gamal agronom er det ingenting som kan måle seg med lukta av solvarm mold. Ein gong på 70-talet kom eg over diktaren Ingvar Moe, som skriv dampande heitt om

Bakrus

lange stunder

ja år om gongen

greier eg å halda meg ifrå –

det er dagar eg mest ikkje

tenkjer på det

folk som har opplevt dei verste

riene mine

kan møta meg på gata

helsa spørjande og

augene mine kan trygt svara:

Mnei, ikkje avvand nett

men sprekk ikkje så ofte

styrkjer sjølkjensla sånt veit du

Men så er det denne hersens våren!

sat der berre bak huset og

gløtte så vidt bort på potetgravet

og spaden

eit par tak kan kje gjere noko vel

greier nå passa måten eg vaksne karen

men visste på førehand:

lyden av jarn gjennom mjuk mold

med eit bitte lite pirk i grus (?)

tyngda i vendinga

og lukta herregud den lukta

av nysnudd svart vårmold

berre ein liten til og så…

før eg visste ordet

stod eg med sveittebekkjer

på utsida av augene

kviskrande mold imellom fingrane

ein spratlande vårkåt djevel i bringa

dreiv meg gjennom åkeren

på ein heilag påskemorgon men

eg kunne ikkje stansa

(høh eg toler vel såpassa

her skal det festast!)

før heile stykket var endevendt

og eg sjangla meg heim

men han va oppstanden

giss om han va

tung i kroppen nå

oppskrapt

verkjer i alle lemer

gruar for kva venner og kjende

ikkje kjem til å seia

denne gongen

er ikkje håp for meg

blei det alvor

og eg fekk meg ein gard

tura og festa eg meg til døde